Smågrupper

Smågrupper er pulsslaget i storfellesskapet! Vi ønskjer at alle skal få oppleve gleda av å høyre til i ei lita gruppe. Gruppene er forskjellige og har ulike navn; Veslegreina, Mannsforeninga, Familieforeninga, bibelgruppe osv. Å vere ein del av ei smågruppe er med på å bevare og utruste deg som kristen! Ønskjer du å vere med i ei smågruppe, kan du ta kontakt med Øystein Strand (997 06 730), eller direkte med ei smågruppe.

Sisterhood

Sisterhood er ei bibelgruppe for kvinner. Vi samlast samlast om lag to måndagar i månaden. Snittalder under førti:) 


Mannsbibelgruppa

Mannsbibelgruppa er ei bibelgruppe for menn. Samlingane er ofte på måndagar, og det vert ei til to samlingar i månaden. Vi startar 1930 med måltidsfellessakp. Deretter studerer vi ein bibeltekst i lag og bed for kvarandre. Målet er å vere ferdig seinast 2130. Ofte varer det sosial noko lenger. Snittalder rundt førti:) 
Leiar: Øystein Strand, tlf. 997 06 730

Mannsforeninga

Kvar første måndag i månaden samlast vi rundt i heimane til medlemmene. Vi les frå Bibelen og har den siste tida gått gjennom Hebrearbrevet og held no på med Romarbrevet. Vi studerer gjerne eit heilt - eller deler av - eit kapittel og samtaler om innhaldet. Song, bøn og kollekt høyrer også med. Alle samlingane blir avslutta med ei lita matøkt. Samlingane gir eit godt og sosialt  og åndeleg innhald.


Leiar:  Per Arne Sve, tlf: 922 22 140

Veslegreina

Veslegreina er kvinneforeninga til Stranda Misjonsforsamling. Vi samlast om lag tredje kvar måndag rundt i heimane. I februar og september blir det arrangert basar på Stranda bedehus.


Leiar: Jorid Grønbeck, tlf: 951 41 985,  e-post: jorid.gronbeck@gmail.com


Misjonsfamilien

Familieforening som vart starta i 1980. Barna har vakse ut av "reiret" slik at vi no er fire vaksne par som samlast knapt ein gong pr. månad. På dette møtet fekk vi forsterkning - eit barnebarn, var med oss.


Leiar: Svein Roar Grønbeck, tlf: 926 63 846 , e-post:  srgronbeck@gmail.com