Om oss

STRANDA MISJONSFORSAMLING er ei misjonsforsamling tilslutta region Nordvest av Norsk Luthersk Misjonssamband, og byggjer sitt arbeid på Bibelen og vedkjenninga til den Den evangelisk-lutherske kyrkja. Misjonsforsamlinga har som formål, i samsvar med grunnreglane i NLM, å arbeide for å utbreie Guds rike i Norge og på misjonsfelta til Misjonssambandet. 


Forsamlingsmøta er ca annakvar søndag. Dei fleste møta er på Stranda bedehus, nokre på Vestborg eller Dalen bedehus. Møta er tilrettelagt for alle aldrar, og det er søndagsskule for borna. Ulike tenestegrupper deltek i planlegging og gjennomføring av møta. Samlingane blir avslutta med utlodning og litt mat. Ønskjer du å vere med i ei tenestegruppe, kan du melde deg til Gabriela Habostad.

Nokre dagar i kvart semester er det bibelundervisning på Stranda bedehus. Bibeltimane blir kalla Levande tru - Bibelen i livet.



MEDLEMSSKAP kan teiknast av personar som vedkjenner seg til den kristne tru og som gir si tilslutning til misjonsforsamlinga sine lover. Medlemskontingent kr 100.

STYRET for 2018
Øystein Strand, leiar 
Elise Habostad, nestleiar
Torstein Habostad, sekretær
Gabriela Habostad, tenestekoordinator
Per Olav Ljøkjell, styremedlem

Bjørg Tulluan Sve, 1. vara 



Kåre Bø, kasserar (utanom styret)  

Silje Berg Straume er områdearbeidar for NLM i Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal


Organisasjonsnr. til Stranda Misjonsforsamling:  915 970 664