God Søndag

Stranda Misjonsforsamling har faste søndagsmøte omtrent annankvar søndag. Dette er eit godt fellesskap for store og små! Under møta har vi lovsang, andakt, bøn, misjon og mat. Vi har nokre familiesøndager og elles møte med søndagsskule. Søndagsskulen er delt i to. Ei gruppe over skulealder og ei for dei under skulealder. Til slutt i møta har vi utlodning. Du er hjarteleg velkommen!!

Mange er med på å arrangere møta. Har du lyst til å vere med på dette?
Ta kontakt med områdearbeidar Silje Berg Straume.