Lover



 Lover for Stranda Misjonsforsamling


Misjonsforsamling

Med misjonsforsamling meiner vi ei NLM-forsamling med eige styre og som er karakterisert av følgjande:
1.     regelmessig offentleg møteverksemd for forskjellige aldersgrupper
2.     faste nattverdmøte og mogleg å få dåp
3.     tilrettelagd trusopplæring for barn, ungdom og vaksne

Lovene vart vedtekne på stiftingsmøte for Stranda Misjonsforsamling 10.1.2013, sist endra 21.01.2016.

 

1.1 Namn

Misjonsforsamlinga sitt namn er Stranda Misjonsforsamling.
1.2 Arbeidsområde
Misjonsforsamlinga sitt arbeidsområde er 6200 Stranda.

 

2.0 Vedkjenning og tilknyting

Misjonsforsamlinga står tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband, region Nordvest og er dermed forplikta på Bibelen, den evangelisk lutherske kyrkja si vedkjenning og NLM sine grunnreglar.

 

3.0 Formål

3.1
Misjonsforsamlinga sitt formål er å utbreie Guds rike i Noreg og på Misjonssambandet sine misjonsfelt, i samsvar med regionen sine lover og NLM sine grunnreglar.
3.2
For å verkeleggjere dette (3.1) vert det primært sett fokus på følgjande:
1.     regelmessig møteverksemd med tilbod til ulike aldersgrupper
2.     utovervend verksemd/arbeid i nærmiljøet for å vinne menneske for Jesus
3.     forkynning
4.     informasjon om NLM si misjonsverksemd
5.     nådegåvebasert teneste
6.     givarteneste
7.     fellesskap og omsorg
8.     nattverdmøte og mogleg å få dåp
9.     styrking av foreiningar og grupper
10. danning av nye foreiningar og grupper
11. trusopplæring for barn, ungdom og vaksne
12. leiartrening

 

 4.0 Medlemskap

Medlemskap i misjonsforsamlinga kan teiknast av personar som:
1.     vedkjenner seg til den kristne trua
2.     vil arbeide på den læremessige basis og etter dei formål og vedtekter som kjem til uttrykk i NLM sine grunnreglar og misjonsforsamlinga sine lover
3.     betalar medlemskontingent, fastsett av forsamlinga.

 

 5.0 Årsmøte

5.1
Misjonsforsamlinga sitt årsmøte bør haldast så tidleg som mogleg på nyåret, seinast innan utgangen av februar.
5.2
Stemmerett på årsmøtet har alle medlemmer som har fylt 15 år. (Sjå punkt 4.0.)
5.3
Årsmøtesaker:
1.     årsmelding og revidert rekneskap
2.     val
a.      styre med varamedlemmer
b.      revisorar
3.     samtale om arbeidet i året som gjekk og drøfting av visjon, målsetjingar og arbeidsplan for arbeidet framover.
5.4
Saker som skal behandlast på årsmøtet, må vere kunngjort på vanleg måte og minst tre veker før årsmøtet skal haldast. Saker som medlemmer legg fram seinare eller på sjølve årsmøtet, må ha 2/3 fleirtal av gitte stemmer for å bli vedtatt.

 

6.0 Styret

6.1
Misjonsforsamlinga vert leia av eit styre på minst fem medlemmer. Styret konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og eventuelt andre funksjonar.
Valperioden for styremedlemmene er to år. Leiar i styret vert valt for eitt år om gongen. Styret har minst to varamedlemmar som er valt for eitt år om gongen.
6.2
Misjonsforsamlinga sitt styre har ansvar for å leie arbeidet i samsvar med NLM sine grunnreglar, og etter dei strategiar og vedtak som er gjorde av årsmøte, regionmøte, generalforsamling og hovudstyre.
6.3
Styret legg fram forslag til budsjett som vert sendt over til regionstyret for godkjenning.
6.4
Styret er ansvarleg for at dei midla som vert samla inn til misjonen, vert forvalta og underlagt ei rekneskapsføring som er i samsvar med gjeldande økonomireglement fastsett av hovudstyret.
6.5
Styret organiserer arbeidet i underkomitéar slik ein ser det tenleg.
6.6
Styret førebur misjonsforsamlinga sitt årsmøte og legg fram sakliste, årsmelding, revidert rekneskap og eventuelt andre saker. Styret presenterer også budsjettet til orientering.
6.7
Styret for misjonsforsamlinga tilrår for regionstyret når dette skal tilsetje arbeidarar med fast plassering i misjonsforsamlinga. (Jf. Gjeldande tilsetjingsprosedyre i NLM)

 

7.0 Eldsteråd

Årsmøtet vel eit eldsteråd som saman med eventuell forsamlingsleiar har særskild hyrde og læreansvar for forsamlinga.  Eldsterådet består av 3 menn som er valt for ei periode på 3 år.  Ein kan ha verv både som eldste og medlem i styret. Eldsteråd og styre bør ha minst eitt felles møte i året.
7.1.  Eldsterådet har hyrde og læreansvar for forsamlinga, det inneber:
a) Eit særleg ansvar for liv og lære i truskap mot skrifta. 
b) Saman med styret hjelpe fram åndeleg vekst og bruk av nådegåver og
     frivillig arbeid.
c) Eldsterådet må utøve hyrde og lærefunksjonen med visdom
    og omsorg i møte med enkeltpersonar, styre og forsamling.
    Det må skje i nært samarbeid med eventuell forsamlingsleiar.
d) Eldsterådet skal saman med styret vere med å tilrå for regionstyret i
                 tilsettingssaker i forsamlinga. (sjå punkt 6.7)

 

8.0 Endring av lovene

8.1
Endring av desse lovene kan vedtas på årsmøtet med 2/3 fleirtal når forslag er sendt inn til styret minst tre veker før årsmøtet. Paragrafane 2.0 og 3.1 kan ikkje endrast av misjonsforsamlinga med mindre regionstyret, hovudstyret eller generalforsamling i NLM opnar for det. Lovendringar skal godkjennast av regionstyret.
8.2
Endring av misjonsforsamlinga sine lover må ikkje kome i strid med grunnreglane for Norsk Luthersk Misjonssamband.

9.0 Opphøyr

9.1
Vedtak om opphøyr av Stranda Misjonsforsamling kan vedtakast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.
9.2
Ved opphøyr av Stranda Misjonsforsamling skal eigedelar og eventuell gjeld overførast til Norsk Luthersk Misjonssamband, region Nordvest.